Guida tur Tangsafari 1,5 time

Pris
KR345 per person
Varigheit
1,5 time
Stad
Runde
Gjestar
5-8

Tangsafari

Naturguiden Phil fra Møre-to-Sea tar deg med på ei særs innhaldsrik reise i fjøra. Her står tang og tare i fokus og du får vite meir om korleis du kan ta i bruk disse fantastiske resursane.
  • Informasjon
  • Stad
  • Tilsvarande opplevingar

Praktiske opplysingar

Stad
Stad for avreise
Runde Miljøsenter
Meir informasjon
Sesong: sjå tid og datoar ved bestilling av tur
Andre prisar
Vaksen: KR345 kr Barn (8 - 16 år): KR200

Turen startar med ein kort presentasjon på Miljøsenteret før Phil tar deg med rundt i nærleiken på jakt etter spanande førekomstar av tang og tare. Undervegs kan du få smake på og få idéar til korleis du sjølv kan nytte deg av ein ressurs som er lett tilgjengeleg langs heile kysten vår.

Guding på norsk eller engelsk etter hva gruppa ønsker.

Turen inkluder:
– presentasjon i auditoriet
– fjørevandring med guide
– tang og taresmaking

 

Utstyr: du må kle deg etter vêret. Det kan være kaldt ved sjøen så ta med varme klede og støvlar/vasstette sko.
Transport: Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil.
Merknadar: kontroll av billett på Miljøsenteret før turen startar.


Siste frist for påmelding 2 dagar før turen startar.
Turen går med atterhald om godt vêr og minimum 5 påmeldte. Ved kansellering blir du varsla 4 timer før turen startar.


 

Meir om Runde

Fugle og skatteøya Runde
Runde er ei lita øy med fastlandsforbindelse i Herøy kommune på Sunnmøre. Her bur det omlag 100 fastbuande, men øya har vore omtala som millionbyen i havet. Runde er ein ynda lokasjon for fuglentusiaster frå heile verden. Runde er Noreg sitt sørlegaste fuglefjell og heim for den kjente og kjære lundefuglen. Sjølv om lundefuglen er den av artana som kanskje får mest merksemd, så finn du også havsule, storjo, alke, lomvi, skarv og den mektige havørna. Det er mykje havørn på Runde og den kan du sjå her heile året. I fjøra så er der mange mindre vadefugl og kvart år mellomlandar mykje gjess på øya.
Runde er Noreg sitt sørlegaste fuglefjell og heim for den kjente og kjære lundefuglen
Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Tangsafari 1,5 time

Pris
KR345 per person
Varigheit
1,5 time
Destination
Runde
Gjestar
5-8

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.