Opa Hareid Kyrkje med omvising

Pris
KR30/50/100 per person
Varigheit
1,5 time

Besøk vakre Hareid Kyrkje frå 1877

  • Informasjon
  • Galleri
  • Tilleggsinformasjon

Praktiske opplysingar

Stad for avreise
Hareid Kyrkje
Pris inkluderer
  • Guida omvisning
  • Inngangsbillett

Hareid kyrkje er ei verneverdig trekyrkje frå 1877,og  eit kjært signalbygg i bygda. Kyrkja er i aktivt bruk gjennom heile året, og har nyleg blitt renovert med nytt golv og varmesystem, m.m.
Stilarten vert kalla «nygotisk», med alle sine romanske bogar kan ein også seie at kyrkja er bygd i «nyromansk» stil. Kyrkja var heimsøkt av lyn-nedslag i 1902, men skadane vart utbetra. Kyrkja har 380 sitjeplassar.

Det er mange kulturskattar i Hareid kyrkje, her kan nemnast altertavle frå 1600-talet og bautastein ute på kyrkjegarden som ikkje kan årstalfestast, samt ei prestestove som truleg er det eldste huset i Hareid kommune. Den har blitt flytta på og står no der den gamle stavkyrkja ein gong har stått.

Kyrkja og kyrkjegarden står på middelaldergrunn og har mykje historie med seg.

Vi held OPA KYRKJE m/omvising ei periode i sommar.
Kyrkja er ein varm og rolig stad å tilbringe ei ettermiddagsstund. Her er god plass for å halde smittevern-avstand og for den som vil vere heilt i fred. Du kan kome inn for å tenne lys, site stille, lese, be eller samtale med nokon om du vil det. Kyrkja er eit ope rom for alle livets dagar.

 

Firma: Hareid Kyrkje
Telefon:
+47 70095130
Epost:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

 

Meir om opplevinga

opplevinga inkluderer omvisning i kyrkja og prestestova på kyrkjegarden, men det er også moglegheit til å sitte ned i kyrkja for ro, tenne lys, lese eller bøn.

Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Opa Hareid Kyrkje med omvising

Pris
KR30/50/100 per person
Varigheit
1,5 time

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.