Attraksjon Guida tur Museum Norsk Olivinsenter - Billett til steinsenteret

Pris
KR100,- per person
Varigheit
Dagsbesøk
Stad
Åheim

Besøk Norsk Olivinsenter på Åheim

  • Informasjon
  • Stad
  • Tilsvarande opplevingar

Praktiske opplysingar

Stad

Norsk Olivinsenter held til i Tue gamle skule på Åheim.

Dette området har ein av verdas største og reinaste førekomstar av mineralet olivin. Edelsteinen av olivin vert kalla peridot og vert rekna som ein av dei eldste smykkesteinane som var tatt i bruk av menneske i historia. Det seiest at Dronning Kleopatra blant anna hadde ein stor og fin peridot. Edelsteinen peridot også kalla krysolitt er nemnt i bibelen fleire gongar. Norsk olivinsenter si samling på Åheim vert rekna som verdas mest komplette olivinsamling.

Prøv lukka som skattegravar! På Peridotplassen om lag 6 km frå Åheim sentrum kan ein finne flotte eksemplar av peridot, og andre tilhøyrande bergartar. Kanskje klarer du å finne deg ein vakker edelstein? Området er også rikt på tilhøyrande geologiske sensasjonar. Spesielt har granatperidotitten ved naturreservatet Helgehornsvatnet  lenge fascinert geologar og forskarar frå heile verda.

Åheim og Vanylven si lokalhistorie er prega av kunnskapsbasert ressursforvalting og produktutvikling av mineralet olivin i fleire generasjonar. Senteret har ulike temautstillingar som omhandlar nye og historiske produkt, geologi, historier og myter rundt mineralet. Norsk olivinsenter er base for guida turar i dette geologisk unike område. Formålet er å formidle geologisk og historisk kunnskap om mineralet olivin til verda! Gullsmed Bjørnar Ekremsæter har heilt unike kunnskapar om smykkesteinen peridot og er knytt til Norsk olivinsenter.

 

Pris vaksne: 100,-
Born under 16 år: Gratis

 

Ansvarleg for opplevinga

Firma: Norsk Olivinsenter
Telefon:
+47 91 64 31 19
Epost:
rekjer@gmail.com
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

Meir om Åheim

Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Norsk Olivinsenter - Billett til steinsenteret

Pris
KR100,- per person
Varigheit
Dagsbesøk
Destination
Åheim

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.