FERIELEILEGHEITER MED HOTELLSTANDARD Vakne opp til HAVUTSIKT på Runde

Moderne leilegheiter for sjølvbetening for 1 til 5 personar
POPULÆRT
Varigheit
Min. 2 netter
Stad
Runde
Gjestar
1-5
  • Informasjon
  • Stad
  • Galleri
  • Tilsvarande opplevingar
  • Vilkår og Covid-19 omsyn
Bu fritt på Runde! Her får du 8 romslige og moderne leilegheiter. Du bur fritt med eigen inngang, du kan lage din eigen mat på kjøkenet i leilegheita og det er kort veg til eit rikt fugleliv og unik natur. Perfekt måte å bu på om de er fleire i lag som vil ha nokon dagar utanom det vanlege.

Praktiske opplysingar

Stad
Meir informasjon
Gratis avbestilling: Det er gratis å kansellere bestillinga inntil 3 dagar før innkomst. Innsjekk: 15:00-22:00 Utsjekk: 12:00 Dyrehald: Det er ikkje mogleg å ha med dyr på leilegheitene.
Pris inkluderer
  • Handklede
  • Parkering
  • Sengeklede
  • Trådlaust internett
  • Utvask ved avreise
Pris inkluderer ikkje
  • Frukost
  • Transport til overnattingsstaden

Gratis trådlaust nett

Framifrå havutsikt

Utrusta kjøken

Oppreidde senger

Her får du:

✔ ein perfekt base for å utforske Runde og omgivnaden

✔ utvask, sengetøy og handklede inkludert i prisen

✔ ei leilegheit godt eigna for familiar

✔ gratis internett og parkering

✔ leilegheit med full tilrettelegging for sjølvhushald og eigen inngang

Det er gratis å kansellere bestillinga inntil 3 dagar før innkomst.

Sjekk ledig kapasitet

Meir om Runde

Fugle og skatteøya Runde
Runde er ei lita øy med fastlandsforbindelse i Herøy kommune på Sunnmøre. Her bur det omlag 100 fastbuande, men øya har vore omtala som millionbyen i havet. Runde er ein ynda lokasjon for fuglentusiaster frå heile verden. Runde er Noreg sitt sørlegaste fuglefjell og heim for den kjente og kjære lundefuglen. Sjølv om lundefuglen er den av artana som kanskje får mest merksemd, så finn du også havsule, storjo, alke, lomvi, skarv og den mektige havørna. Det er mykje havørn på Runde og den kan du sjå her heile året. I fjøra så er der mange mindre vadefugl og kvart år mellomlandar mykje gjess på øya.
Runde er Noreg sitt sørlegaste fuglefjell og heim for den kjente og kjære lundefuglen

Betaling på førehand

Vi krev at alle reservasjoner blir betalt når dei bestillast.

Gratis avbestilling

Det er gratis å kansellere inntil 3 dagar før innkomst. Kansellerer du etter tre dagar før innkomst og fram til innkomstdatoen krev vi full betaling for den første natta i bestillinga di. Om bestillinga ikkje vert kansellert i det heile tatt så belastar vi deg for heile opphaldet i bestillinga.
Ved tilbakebetaling tek det inntil 10-12 dagar frå vi godkjenner ein refusjon til beløpet er på kontoen din. Dette er tida bankane brukar på transaksjonsprosessen så vi ikkje påverke den dessverre.
Avbestilling skal skje skriftleg til booking@rundecentre.no

Hus reglar

Innsjekk/utsjekk
Innsjekk: 15:00-22:00
Utsjekk: 12:00

Forbod

Det er ikkje lov å røyke på leilegheitene.
Det er ikkje lov å ha med dyr på leilegheitene.

Ekstra seng

Det er ikkje mogleg med fleire sengar på leilegheita, med unntak på reiseseng til barn. Ta kontakt ved bestilling om du treng å låne ei reiseseng.

Det er trygt å bu på Runde

Det er mange fordelar ved å bu på ei leilegheit med oss. Du har til døme eigen sjøutsikt, god planløysing og bra standard, men det er også i disse korona tider ein trygg måte å overnatte heimanfrå. Du har eigen inngang, eit utrusta kjøken for å lage eigen mat og masse frisk luft rett utanfor med kort veg til flotte naturopplevingar. På Runde kjem du tett på opplevingane utan at du treng å vere tett på kvarandre. Og det å halde avstand til kvarandre er jo viktig i ei tid som vi no går igjennom.

Rutinar for reinhald på Runde Miljøsenter

Reinhald og hygiene er alltid høgt prioritert på Runde Miljøsenter, og i ei tid som no oppmodar vi også alle våre gjestar om å ha ekstra god handhygiene i tråd med dei anbefalingar som kjem frå myndigheitene. Bruk godt med såpe og varmt vann i minst 20 sekunder.

Vi har satt inn ekstra ressursar og enda strengare rutinar for reinhald av leilegheitene mellom kvar gjest. Vi reingjer slik:

  • nyttar miljøvenlege men effektive kjemikaliar
  • reinhaldspersonalet brukar eit sett med eingongs-hanskar per leilegheit
  • reinhaldspersonalet brukar eit sett med klutar per rom

  • alle kontaktpunkt som dør- og skap handtak, lysbrytarar, fjernkontroll og kjøken vaskast nøye

Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Leilegheit med havutsikt på Runde

Varigheit
Min. 2 netter
Destination
Runde
Gjestar
1-5

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.