Historisk vandring i den vakre rosehagen på Brekkegarden

Pris
KR350 per person
Varigheit
2,5 time
Stad
Gjerdsvika
Gjestar
Max 20

«Alle roser er skjønne! Men ingen roser er så skjønne som dei historiske rosene» seiest det. Opplev historiske roser i vakre Brekkegardshagane

Med sin gammaldagse, rufsete sjarm er dei for mange kvintessensen i ein hage. Dei duftar himmelsk og overlever alt.
  • Informasjon
  • Stad
  • Galleri

Praktiske opplysingar

Stad
Gjerdsvika Oppdag Gjerdsvika
Stad for avreise
Brekkegarden
Meir informasjon
Omvising i rosehagen med glimt frå rosene si mangfaldige kulturhistorie: Kaffi og kaker i dei kulturminnelista stovene i Brekkegarden: Få med heim vår oppskrift på rosegelè:
Pris inkluderer
  • Guiding
  • Mat servert i opplevinga

Brekkegardshagane er heim til historiske roser med namn som Madame Hardy, Duchesse de Montebello, Cardinal de Richelieu… Bak kvart einaste av desse namna gøymer det seg hundreår med segner om blod og begjær, heltedåd og svik – og udøyeleg kjærleik. Nokre sanne, andre kanskje mindre sanne – men kva gjer vel det? Gode historier overlever – slik som gode roser!

Rosesesong: Frå andre veka i juli og 3-4 veker framover

Firma: Brekkegarden
Telefon:
+47 41 50 75 68
Epost:
nina@brekkegarden.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

 

 

Meir om Gjerdsvika

Alle gode ting er tre - og tre er vegane som fører inn til Gjerdsvika, bygda som ligg der rundt den elegant forma bukta. Ja, med mindre du kjem sjøvegen då sjølvsagt! Målet er det same - anten ferda går om Gjøneset, der tårnfalk og havørn helsar – eller rundt Hidsneset med bronsealdergraver og buktande vegar gjennom vilt kystlandskap. Eller kjem du kanskje over fjellet frå Moltustranda? Der du sommarstida kan krongle deg gjennom eit trangt skar, berre for å få den vidopne havutsikta midt i mot når du kjem ut, høgt over bygda. Svinøya ligg der og hildrar i kveldslyset i vest – og nettopp kveldssola i vest har dratt mengder av fotoglade til bygda – denne bygda innbyggarane kjærleg kallar berre for «vikja» - som om det ikkje fanst noko annan vik, nokon annan stad, enn deira vesle perle. Hav og fjell er ramme for alt, og senter for alt. Dei kraftige moloane gjev ly så vel som mulegheiter. Fjella rundt har eit nettverk av gode turløyper, og tre gapahukar, kvar med sitt store panorama mot Sunnmørsalpar og Norskehav. Bygda har lange tradisjonar for industri og innovasjon med drivande entreprenørar trygt plassert i den maritime klynga. Vidare finn du gjestehamn, innovativ gardsturisme, glaskunst, nydeleg sandstrand, samlingsstaden Adolfbuda, overnatting i romantiske omgjevnadar frå 1800-talet, eller kanskje føretrekk du flygetelt? Vennlege ansikt møter deg på butikken, og ikkje minst: verdas beste makrell i tomat! Ta med ei boks i sekken, og så kan du vandre opp til ein av gapahukane, for å sjekke gehalten i det lokalbefolkninga alltid brukte seie: at «herifrå såg dei halve verda. Og når dei kom opp på fjellet såg dei resten!» Varmt velkomen!
Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Historisk vandring i den vakre rosehagen på Brekkegarden

Pris
KR350 per person
Varigheit
2,5 time
Destination
Gjerdsvika
Gjestar
Max 20

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.