Attraksjon Herøy Kystmuseum - Billett

Herøy Gard

  • Informasjon
  • Galleri
  • Tilsvarande opplevingar

Praktiske opplysingar

Herøy gard ligg vakkert plassert på øya Herøy, som har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var kyrkjestad med gildestove i mellomalderen, tingstad, prestegard og handelsstad. I dag er den ein viktig arena for aktivitet innan kyrkje, kultur og rekreasjon. Museet er den gamle handelsstaden og er ein viktig formidlar av øya sine kulturminne og historie. Sunnmørsjekta «Anna Olava» har heimehamn på Herøy.

Øya er eit attraktivt og mykje nytta område for naturopplevingar, friluftsliv og rekreasjon. Her er turveg med fast dekke, samt tursti i terrenget.
Ein kan ta seg til øya både med båt og bil, og staden har gode parkeringsforhold og enkel brygge for besøkande som kjem sjøvegen.

Opningstider:
Perioden 22.mai – 27.juni :  Laurdag og søndag kl. 12-16
Perioden 28.juni – 22.august:  Kvar dag kl. 12-16
Perioden 23.august – 31.august: Laurdag og søndag kl. 12-16

Firma: Herøy Kystmuseum
Telefon:
+47 48 04 63 38
Epost:
kystmuseum@heroy.kommune.no

 

Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Herøy Kystmuseum - Billett

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.