Aktivitet Fjelltur Guida tur Guida lundesafari på Runde

Pris
KR575 per person
Varigheit
5 timar
Stad
Runde
Gjestar
4-15
1 Omtalar
5 ut av 5

Bli med ein profesjonell naturrettleiar på ein innhaldsrik guida lundesafari på Noregs sørlagaste fuglefjell. Guida lundesafari på Runde

Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. På ein kveldstur i fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen og med ein dyktig naturrettleiar får du lære meir om ekte gullskattar, dyreliv og lokal historie. Og du får servert lokal sjømat så du ikkje legg ut på tur på tom mage.
  • Informasjon
  • Stad
  • Galleri
  • Tilsvarande opplevingar
  • Sesong
Bli med på ei unik og fascinerande oppleving ute i havgapet på Noregs sørlegaste fuglefjell.

Praktiske opplysingar

Stad
Stad for avreise
Møt opp i kafeen på Runde Miljøsenter.
Stad for retur
Parkeringsplassen ved tunellen i Goksøyra.
Meir informasjon
Frist for bestilling og kansellering: Du må bestille seinast 24 timar før turen startar. Om turen vert kansellert så varslar vi deg seinast ein dag før turen skal gå. Minimum påmeldte: Vi tek atterhald om minimum 4 påmeldte for å gjennomføre turen. Påske: Dagleg tur laurdag 27. mars til måndag 5.april Sesong frå 14 april 2021: Onsdag, fredag og lørdag Sesong frå 21 mai 2021 til 31 juli: Kvar dag
Pris inkluderer
  • Mat servert i opplevinga
  • Omvising og film på Runde Miljøsenter
Pris inkluderer ikkje
  • Transport til der opplevinga startar
Andre prisar
Barn 8 -14 år: KR375
Et par lundefugler på Runde
Kom tett på den sjarmerande lundefuglen på Runde.

Opplevinga startar på Runde Miljøsenter. Her legg vi opp til ei lita omvising i utstillinga, framsyning av den imponerande dokumentaren «Havets Sølv» og det blir servert eit heimlaga måltid. På Runde skal du få nytte alle sansar når du skal få lære meir om storhavet, dyreliv og ikkje minst lundefuglen.

Frå Miljøsenteret vert det avreise til Goksøyra, her må du ha eigen bil for å reise til Goksøyra. Frå parkeringsplassen i Goksøyra vil naturrettleiaren ta deg med opp i fuglefjellet. Det blir lagt opp til fleire stopp undervegs og du vil få sjå og høyre mykje om fugle- og skatteøya Runde på veg opp til sjølve lundeura.

Er du heldig får du avslutte opplevinga med å sjå sola vest i havet og eit myldrande liv når lunden kjem opp frå sjøen og skal inn i reira sine for kvelden.

Kva bør du ha med deg: 

  • varme og praktisk klede
  • kamera
  • kikkert
  • solbriller
  • ryggsekk
  • vannflaske og snacks

Kor krevjande er turen?

Moderate stigningar.  Passar for dei med: litt erfaring i terreng, middels trente turgåare, dei med grunnleggende ferdigheter.

Firma: Runde Konferansesenter
Telefon:
+47 70 08 08 00
Epost:
booking@rundecentre.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

 

Meir om Runde

Fugle og skatteøya Runde
Runde er ei lita øy med fastlandsforbindelse i Herøy kommune på Sunnmøre. Her bur det omlag 100 fastbuande, men øya har vore omtala som millionbyen i havet. Runde er ein ynda lokasjon for fuglentusiaster frå heile verden. Runde er Noreg sitt sørlegaste fuglefjell og heim for den kjente og kjære lundefuglen. Sjølv om lundefuglen er den av artana som kanskje får mest merksemd, så finn du også havsule, storjo, alke, lomvi, skarv og den mektige havørna. Det er mykje havørn på Runde og den kan du sjå her heile året. I fjøra så er der mange mindre vadefugl og kvart år mellomlandar mykje gjess på øya.
Runde er Noreg sitt sørlegaste fuglefjell og heim for den kjente og kjære lundefuglen

Her kjem det meir tekst om når lunden kjem inn på året og om kvelden. Når kan ein dra på tur. Dager ein kan booke vil vere tilgjengelige i bookingmotoren.

Om ein ikkje får nok påmeldte vert turen kansellert. Kan bytte dag eller få pengane igjen.

Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Guida lundesafari på Runde

Pris
KR575 per person
Varigheit
5 timar
Destination
Runde
Gjestar
4-15

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.