Attraksjon Fjelltur Guida tur Frå Sunnmøre til månen!

Pris
KR600/400 per person
Varigheit
6,5 time
Stad
Åheim
Gjestar
3-12

Frå Sunnmøre til månen

Besøk område der mange av dei fremste geologane i verda har studert gjennom meir enn 100 år
  • Informasjon
  • Stad
  • Tilsvarande opplevingar

Praktiske opplysingar

Stad
Stad for avreise
Norsk Olivinsenter
Stad for retur
Norsk Olivinsenter

Opplev professor Goldsmithsitt Eurekavatn, og sjå jordas si historie direkte i berggrunnen. Sjå naturreservatet med dei mest unike granatperidotitane «eklogitt» du kan tenke deg! Høyr kvifor kunnskap frå dette geologiske område gjorde at NASA kunne sende folk til Månen. På denne turen vil du få kunnskap om korleis ein kan plukke dei flottaste edelsteinane på peridotplassen. I tillegg får du besøke den mest komplette olivinsamlinga i verda på Norsk olivinsenter. Vi anbefaler at du tek med opplada mobil eller kamera, du kjem til å kunne ta bilete du aldri hadde drøymt om å kunne ta!

10.00 Oppmøte Norsk Olivinsenter. Omvising Norsk Olivinsenter / Informasjon om dagen.
11.30 Avreise til peridotplassen (Sunndalen)
12.00 Lett utelunch med drikke på peridotplassen
12.30 Middels krevande gåtur til Helgehornsvatnet (50 min)
13.30 Geologisk / botanisk forteljarvandring i dette unike geologiske området. Eurekavatnet/ Goldsmith/ Naturreservatet
16.00 Retur Peridotplassen16.30 Peridotplukking med guiding. Du får med ein ekspert/ geolog som kan vurdere funna dine og hjelpe deg å leite etter dei ekstra fine, som ein kanskje kan få fasettslipt?

Datoar for tur kjem!

Utsyr: Gode sko og klede for ein tur i fjellet på Sunnmøre!
Hugs å ha med noko å samle/oppbevare peridotane i!

Ansvarleg for opplevinga

Firma: Norsk Olivinsenter
Telefon:
+47 91 64 31 19
Epost:
rekjer@gmail.com
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

Meir om Åheim

Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Frå Sunnmøre til månen!

Pris
KR600/400 per person
Varigheit
6,5 time
Destination
Åheim
Gjestar
3-12

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.