Guida tur Overnatting Den levande draumen i havranda

Pris
KR4990 per person
Varigheit
2 overnattingar
Stad
Gjerdsvika

Møte med kulturminna, maten, og sjølvaste dronninga av himmelen Gullkysten på Sunnmøre

  • Informasjon
  • Stad
  • Tilsvarande opplevingar

Praktiske opplysingar

Stad
Gjerdsvika Oppdag Gjerdsvika
Stad for avreise
Brekkegarden i Gjerdsvika
Stad for retur
Brekkegarden i Gjerdsvika
Pris inkluderer
  • Handklede
  • Mat servert i opplevinga
  • Naturrettleiar med på opplevinga
  • Overnatting
  • Parkering
  • Sengeklede
Andre prisar
Guida omvising i Rosehagen i Brekkegarden, heim til ei stor samling historiske roser: På forespurnad Besøk med lunsj i Rønneberghuset, kjøpmannsvilla frå 1800-talet.: På forespurnad

Ytst ute på Sunnmøre kjem ein nært på samanhengane i den tette livsveven i kystlandskapet. Fimbulvintrar,eld og is forma landskapet – og i møtepunktet mellom dei milde sommardagane og dei rå stormnettene her ute, vert liv skapt.
Under weekendopphaldet i kystbygda Gjerdsvika bur de i romantiske Brekkegarden, ei kulturminnelista sunnmørsstove frå 1893. Vertskapet tek dykk med på ørnesafari. Laurdagskvelden får de båtskyss til øyperla Skotholmen, med eit måltid i toppklasse på restaurant Kami Skotholmen.

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

 

Firma: Brekkegarden
Telefon:
+47 41 50 75 68 
Epost: 
nina@brekkegarden.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

 

 

Meir om Gjerdsvika

Alle gode ting er tre - og tre er vegane som fører inn til Gjerdsvika, bygda som ligg der rundt den elegant forma bukta. Ja, med mindre du kjem sjøvegen då sjølvsagt! Målet er det same - anten ferda går om Gjøneset, der tårnfalk og havørn helsar – eller rundt Hidsneset med bronsealdergraver og buktande vegar gjennom vilt kystlandskap. Eller kjem du kanskje over fjellet frå Moltustranda? Der du sommarstida kan krongle deg gjennom eit trangt skar, berre for å få den vidopne havutsikta midt i mot når du kjem ut, høgt over bygda. Svinøya ligg der og hildrar i kveldslyset i vest – og nettopp kveldssola i vest har dratt mengder av fotoglade til bygda – denne bygda innbyggarane kjærleg kallar berre for «vikja» - som om det ikkje fanst noko annan vik, nokon annan stad, enn deira vesle perle. Hav og fjell er ramme for alt, og senter for alt. Dei kraftige moloane gjev ly så vel som mulegheiter. Fjella rundt har eit nettverk av gode turløyper, og tre gapahukar, kvar med sitt store panorama mot Sunnmørsalpar og Norskehav. Bygda har lange tradisjonar for industri og innovasjon med drivande entreprenørar trygt plassert i den maritime klynga. Vidare finn du gjestehamn, innovativ gardsturisme, glaskunst, nydeleg sandstrand, samlingsstaden Adolfbuda, overnatting i romantiske omgjevnadar frå 1800-talet, eller kanskje føretrekk du flygetelt? Vennlege ansikt møter deg på butikken, og ikkje minst: verdas beste makrell i tomat! Ta med ei boks i sekken, og så kan du vandre opp til ein av gapahukane, for å sjekke gehalten i det lokalbefolkninga alltid brukte seie: at «herifrå såg dei halve verda. Og når dei kom opp på fjellet såg dei resten!» Varmt velkomen!
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Den levande draumen i havranda

Pris
KR4990 per person
Varigheit
2 overnattingar
Destination
Gjerdsvika

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.