Overnatting Brekkegarden

Pris
KR590 per person
Stad
Gjerdsvika
Gjestar
1-8

Nyt freden i romantiske omgivelsar

  • Informasjon
  • Stad
  • Galleri
  • Tilsvarande opplevingar

Praktiske opplysingar

Stad
Gjerdsvika Oppdag Gjerdsvika
Stad for avreise
Brekkegarden,Gjerdsvika
Meir informasjon
Om overnattinga: Nostalgiske rom og modernisert kjøken med svært gode kokemoglegheiter Området: Naturskjønt område med flotte turmoglegheiter. Fosnavåg, Ulsteinvik og Runde ligg like ved. Eit perfekt utgangspunkt for turar til Stadtlandet, Hakallegarden, Skotholmen, Loen Skylift, Ålesund, Geiranger, Atlanterhavsvegen og eit hav av andre opplevingar
Utfyllande
Spør oss om: moglegheiter for workation, catering og havørnsafari

Sunnmørsstova i idylliske Brekkegarden var bygd i 1893, og står på Sande kommune si kulturminneliste. Mange av desse vakre stovene er no borte, men Brekkegarden står framleis som eit minne frå ei anna og rolegare tid. Ta ein pust i bakken i dei idylliske stovene, før du vandrar ein tur i rosehagen og sommarfuglhagen, og vidare opp langs den sildrande elva som snirklar seg gjennom gardsområdet. Fjella som omkranser bygda har flotte turmoglegheiter, og garden er det perfekte utgangspunktet for ein ferie blant hav og fjell på Sunnmørskysten.

Brekkegarden har fire soverom med til saman åtte sengeplassar. I rolege, tilbaketrekte omgjevnadar kan gjestane slappe av i romma som er innreidde i stilen frå rundt førre århundreskifte og framover. Soveromma er rikt utstyrte med sjarmerande detaljar.

Firma: Brekkegarden
Telefon:
+47 41507568
Epost:
nina@brekkegarden.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

 

 

Meir om Gjerdsvika

Alle gode ting er tre - og tre er vegane som fører inn til Gjerdsvika, bygda som ligg der rundt den elegant forma bukta. Ja, med mindre du kjem sjøvegen då sjølvsagt! Målet er det same - anten ferda går om Gjøneset, der tårnfalk og havørn helsar – eller rundt Hidsneset med bronsealdergraver og buktande vegar gjennom vilt kystlandskap. Eller kjem du kanskje over fjellet frå Moltustranda? Der du sommarstida kan krongle deg gjennom eit trangt skar, berre for å få den vidopne havutsikta midt i mot når du kjem ut, høgt over bygda. Svinøya ligg der og hildrar i kveldslyset i vest – og nettopp kveldssola i vest har dratt mengder av fotoglade til bygda – denne bygda innbyggarane kjærleg kallar berre for «vikja» - som om det ikkje fanst noko annan vik, nokon annan stad, enn deira vesle perle. Hav og fjell er ramme for alt, og senter for alt. Dei kraftige moloane gjev ly så vel som mulegheiter. Fjella rundt har eit nettverk av gode turløyper, og tre gapahukar, kvar med sitt store panorama mot Sunnmørsalpar og Norskehav. Bygda har lange tradisjonar for industri og innovasjon med drivande entreprenørar trygt plassert i den maritime klynga. Vidare finn du gjestehamn, innovativ gardsturisme, glaskunst, nydeleg sandstrand, samlingsstaden Adolfbuda, overnatting i romantiske omgjevnadar frå 1800-talet, eller kanskje føretrekk du flygetelt? Vennlege ansikt møter deg på butikken, og ikkje minst: verdas beste makrell i tomat! Ta med ei boks i sekken, og så kan du vandre opp til ein av gapahukane, for å sjekke gehalten i det lokalbefolkninga alltid brukte seie: at «herifrå såg dei halve verda. Og når dei kom opp på fjellet såg dei resten!» Varmt velkomen!
Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Brekkegarden

Pris
KR590 per person
Destination
Gjerdsvika
Gjestar
1-8

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.