POPULÆRT
Pris
KR150 per person
Varigheit
1 dag
Stad
Hakallestranda

Kom og hils på Bukke Lars og alle dei andre dyra på Hakallagarden. Kos deg i lag med dyra på Hakallegarden

Legg opp til eit besøk utanom det vanlege. På Hakallegarden går mange av dyra fritt saman med deg i tunet. Alle saman gler seg veldig til kos, og traktoren står spenna klar til å ta deg med på tur i hengaren sin.
  • Informasjon
  • Stad
  • Galleri
  • Tilsvarande opplevingar
Det er mange dyr som bur på garden. Her er alpakka, hundar, kattar, påfugl, geiter, høner, hestar, og esel for å nevne nokre. Dei aller mest populære er nok kattungane og hestane, men den mest berømte er kanskje Bukke Lars. Han har nemleg vore på barne-tv ilag med Per, på "Per - Klart eg kan".

Praktiske opplysingar

Stad
Hakallestranda Oppdag Hakallestranda
Stad for avreise
Hakallestranda, Vanylen
Stad for retur
Hakallestranda, Vanylen
Meir informasjon
Frist for bestilling: Du kan bestille til kl. 12:00 same dag som du kjem. Om det er fullt, eller etter kl. 12:00 same dag, så det ikkje mogleg å velje datoen i kalenderen. Dagen er merka som grå. Hakallegarden sel også billetter i inngangen når nokon går. Har du årskort?: Da kan du berre møte opp og registrere deg ved inngangen.
Pris inkluderer
  • Inngangsbillett
Pris inkluderer ikkje
  • Mat servert i opplevinga
  • Transport til der opplevinga startar
Andre prisar
Barn 0-2 år: 0 Barn frå 2 år: KR150

Firma: Hakallegarden
Telefon: +47 900 68 996/ +47 971 92 066
Epost: aina@hakalle.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.
Kontakt Hivens på +47 700 80 800 for spørsmål kring bookingløysinga/hjelp til booking.

Det er mange dyr som bur på garden. Her er alpakka, hundar, kattar, påfugl, geiter, høner, hestar, og esel for å nevne nokre. Dei aller mest populære er nok kattungane og hestane, men den mest berømte er kanskje Bukke Lars. Han har nemleg vore på barne-tv ilag med Per, på «Per – Klart eg kan». Og av og til får han besøk av ungar som fortel at dei ser på han og Per nesten kvar dag på datamaskina heime. Sjå videoen her. Mange har og sett odelsjenta Marit på barne-tv seria «Marit og dyra». Den finn du på NRK Super.

Dyra på Hakallegarden er veldig rolege glade i folk. Vi vil likevel minne om at dei er levande dyr, og kan bli trøtte og slitne slik som vi mennesker vert. Derfor er det viktig at dei vaksne passar på borna sine.

Meir om Hakallestranda

Del i sosiale kanalar
Opplevingar
Hivens framifrå opplevingar

Ver sosial med oss

Copyright © 2021 Opplev Runde

Close

Møt dyra på Hakallegarden

Pris
KR150 per person
Varigheit
1 dag
Destination
Hakallestranda

    Der er ikkje mogleg å bestille billet på nett for denne opplevinga. Du kan i staden sende ei førespurnad eller sjekk nettsida for meir informasjon.