Personvernerklæring
Personvern erklæring
1. Om Hivens
Eigar av denne nettsida er: Opplev Runde AS, 6096 Runde. Org. nr. 925 615 145
Telefon: 7008 0800
E-post: booking@runde.no
2. Føremålet med vår handsaming av opplysningar
I samband med kundeforhold må vi av og til innhente opplysningar som namn, adresse, e-post, telefonnummer, organisasjonsnummer og anna naudsynt informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
4. Kunderegister
Kunderegisteret inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon, evt selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, i tillegg til opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ynskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt system, sjå avsnitt om sletting.
5. Informasjonskapslar
hivens.no nyttar informasjonskapslar (cookies) på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar (Google Chrome, Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc) er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ynskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.
6. Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida vert denne sendt på til salsavdelinga. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
7. Deling
Det er mogleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter osv). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
8. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
Etter personopplysningslova § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Opplev Runde på e-post: booking@runde.no. Dersom registrerte opplysningar er feil, ufullstendige eller du ynskjer å slette dine opplysningar, kan du krevje dette i henhold til personopplysningslova § 27.
9. Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i Opplev Runde er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkomande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.
Har du spørsmål, ta kontakt på booking@runde.no eller 70 08 08 00